Velkommen til festival!

Nokon lurer på om det blir endringar i programmet for bLEST ifm nye retningslinjer frå myndighetene. Svaret er heldigvis at alt går etter planen!
Me gjer alt me kan for at du skal vere trygg når du kjem til oss. Me legg vekt på bruk av store rom, og på avstand og reinhald. Laurdag føremiddag vil me bruke fleire utgongar etter foredraga for å unngå kø. Det blir og nokre begrensningar når det gjeld signering av bøker.
Dersom alle som besøker oss viser hensyn, held 1 meter avstand, vaskar hendene og ikkje kjem til oss viss dei har symptom på luftvegsinfeksjon, går dette veldig bra!
Velkommen til Tysværtunet og til festival!
_
_
_