LokalbLEST

LokalbLEST er festivalen sitt fokus på lokal historielitteratur som omhandlar lokal, nær- og samtidshistorie, relatert til Haugalandet Me bur i eit område der det kjem ut mange lokale bøker, og i år presenter me nokre av desse i Tysværtunet kulturhus, søndag 31. oktober klokken 16.00. Konferansier er Sigmund Hansen.

Arrangerast i samarbeid med Haugesund Historielag og Tysvær Historielag.

Dette kan du oppleve under årets lokalbLEST:

 

  • Dikt frå diktsamlinga «Frotlinjeren» av Kjersti Andrea Storhaug.
  • Bureising i Bjoadalen for 100 år sidan v/Liv Kari Bødker.
  • «Det haugalandske flytteområdet» til Haugesund versus «det stavangerske flytteområdet» frå Ryfylke til Stavanger v/Nils Olav Østrem.
  • Kong Titolfs Saga v/Magnus Skåden. Han vil og presentera andre bøker frå Valevåg/Tittelsnesområdet.
  • Vormedal forlag 20 år: Tor Inge Vormedal vil presentera nokre av årets bøker, m.a.: «Historien om Haugalandet - 1920-tallet» og «Kjærlig hilsen» av Alf Gunnar Eritsland som tek utgangspunkt i 200 brev mellom besteforeldra hans her på Haugalandet.
  • «Nærbutikkene på Haugalandet» v/ Henry Thorsen og Alf Henden
  • «VINDETRE 2021», lokalhistorie frå Vindafjord v/ Olav Velde
  • Historia til Myklebustgarden v/ Per Qvale
  • «VINGESPENN 2021», lokalhistorie frå Tysvær v/Hartvig Waage
_
_
_