bLEST er ein litteraturfestival der forfattarar møter barn og ungdom, vaksne i alle aldrar rundt omkring på ulike møteplassar i bibliotek, barnehage, bokhandel, skule, kulturhus, kafear, eldresenter og bygdehus.
Ord blir setningar – setningar blir historier – historier blir bøker – leste bøker gir opplevingar – opplevingar gir eit rikare liv.
bLEST er ein litteraturfestival der ulike typar bøker har sin plass: nye bøker, skjønnlitteratur, lyrikk, fagbøker og lokale bøker. bLEST 2012 er under planlegging og blir arrangert i perioden 5.-11. november.